
Os Næringsråd inviterer til Medlemskveld i Vognhallen, onsdag 11.04.!
Det blir ein kveld med nyttig informasjon frå Næringsrådet, faglige oppdateringar frå gode samarbeidspartnarar og eit innblikk i det siste nye på den kulinariske fronten rundt Bjørnafjorden!
Arrangementet er åpent, og både nye, gamle og potensielle medlemmer er velkommen.
Innhald:
Os Næringsråd
Oppdatering på aktuelle saker frå Næringsrådet. Kva har skjedd og kva skal skje framover?
Informasjon om samanslåingsprosessen med Fusa Næringslivslag.
Diskusjon om muligheter og spennande tiltak i Næringsrådet.
Dette er ein god sjanse for deg som medlem til å bidra og sei di meining!
Faglig oppdatering frå Azets og Sparebanken Vest
Frå Azets kjem Truls C. Waage, som er leiar for Azets si rådgjevaravdeling i Hordaland.
Han vil snakke om korleis bedrifter kan førebu seg for dårlige tider medan dei enno har gode tider.
Det er då ein har mulighet og økonomi til å gjere dei gode beslutningane som kan styrke bedrifta sine muligheter.
Vi gir deg nokre innspill til korleis du kan vurdere dine organisasjonsfunksjoner.
Kom og få tips til korleis din organisasjon kan bli robust til å møte endra vilkår i fremtida!
Brytningstid også i bank;
Kva muligheter er det innan finansiering av privat og bedriftskapital?
Kom og møt rådgjevarar frå Sparebanken Vest sitt kontor på Os!
Vi vil snakke om muligheter for både privatperson og bedriftseigarar, grundere og etablerte.
Vi har fokus på rådgivning, på dei gode samarbeidspartnarene og delingskompetanse.
Smakfulle innslag
Vi får besøk av gjengen bak det nystarta Bjørnafjorden Bryggeri.
Dei fortel om bakgrunnen, oppstarten og planane for drifta av det lokale bryggeriet.
Er vi heldige, har dei også med seg nokre smaksprøvar!
Det blir også deilig minglemat frå Osøyro Kolonial!
Velkommen til Medlemskveld i Vognhallen!
PS! Møta i Næringsrådet er ein glimrande sjanse til å skape ditt eige nettverk, helse på nye folk og ta ein hyggelig prat med gamle kjente. Ta med deg ein bunke visittkort og kom!
Dato: Onsdag 11. april / Stad: Vognhallen / Tid: 19.00 – (ca) 21.00 / Pris: Gratis, men ha med godt humør!