Torsdag 25.10 og 01.11.2018

Bli med på #ideLARM!

Mange går med med ein gründardraum i magen utan å våge å sleppa han laus. Mange gonger blir det med ideen, og så visnar den bort i botnen av ei skuff eller på eit samankrølla papirark. Ofte stoppar prosessen opp ein eller annan plass i uvissa, der det ofte kunne gått annleis om ein hadde hatt det riktige nettverket rundt seg. For Bjørnafjorden næringsråd, Fusa kommune og Os kommune er det ei viktig oppgåve å stimulere til ideskaping, etableringar og vekst i både stor og liten skala. Er du ein av dei som går og grunnar på ei ide, men ikkje veit kor vegen går vidare?