Prosjektleiar i engasjement.

Bjørnafjorden næringsråd søker entusiastisk prosjektleiar til å jobbe med eit nytt omstilling- og utviklingsprosjekt for våre medlemar. Dette er eit midlertidig engasjement, som i fyrste omgang vil gå over seks månader, med moglegheit for fornying.

Prosjektet skal hjelpe bedrifter i Bjørnafjorden å identifisere nye moglegheiter, å iverksette og gjennomføre omstillings- og utviklingsprosjekt, og såleis bygge opp ei berekraftig bedrift med grunnlag for vidare vekst og utvikling. Som prosjektleiar vil di rolle i hovudsak vere av rådgjevande art, men stillinga skal også gjere ein grundig kartleggingsprosess for å identifisere dei bedriftene som kan ta del i programmet. Denne vil inkludere bedriftsbesøk, intervjuer, gjennomgang av eksisterande forretningsprosessar, tenester og produkt.

Prosjektet skal bidra til vekst og utvikling av lokalt, berekraftig næringsliv, med sikte på å skape nye arbeidsplassar.

Som prosjektleiar vil du arbeide med strategiar og planar på vegner av våre medlemar og utvalde bedrifter, og samstundes ha ansvaret for gjennomføring av omstillingsprosjektet og rapportering til dagleg leiar om framgang.

Ønsket erfaring og utdanning

  • Relevant høgare utdanning på bachelor, eller masternivå – gjerne innan entreprenørskap og innovasjon, men relevant erfaring, minimum to år, kan kompensere for utdanningskravet
  • Løysingsorientert, proaktiv og sjølvgåande
  • Kunnskap om næringsutvikling og omstillingsprosessar
  • Prosjektleiar erfaring – gjerne innan innovasjon og omstilling
  • Relasjonsbygger med et etablert nettverk og kjennskap til næringslivet i kommunen

Ønsket oppstart snarast mogleg.

Vil du vite meir om stillinga kan du ta kontakt med dagleg leiar Synnøve Mowinckel på telefon 941 50 169.

Søknad og CV sendes til synnove@bjornafjordennaringsrad.no, seinast 14. mars 2021.