Kvifor ein Politisk Spørjetime, spør du…

Det er nå snart eit år sidan Bjørnafjorden kommune fusjonerte frå dåverande Os og Fusa Kommune. Kva har skjedd det første året som Bjørnafjorden kommune, kva lovde poltikarne oss og kva er innfridd, korleis ser framtida ut, kva skjer med Lyseparken, parkering-situasjonen, kva skjer med havna i Os, og kva med Samnøy Næringsområde? Kva lærdom tek vi med oss vidare etter korona-pandemien og korleis den har påverka næringslivet i kommunen vår. Spørsmåla er mange, og dykk har sikkert mange fleire – alle fortjenar svar.

Politikerne har blitt invitert og dei stille opp for å møte næringslivet, klare for å gje dykk svar. Ordfører, Trine Lindborg, og varaordfører, Mikal Leigland var dei fyrste som sa ja, og representater fra dei ulike partia ser fram til arrangementet. Budsjettkonferanse vil akkurat være avsluttet, så kanskje dei har ny informasjon dei kan dele med oss.

Kvelden blir delt opp i tre ulike tema:

  1. Liv i Bjørnafjorden.
  2. Bruk og utvikling av eksisterende og kommende næringsområder og areal.
  3. Tanker rundt næringsutvikling og fremtiden.

Kvelden blir leia av Ove Sjøstrøm, mangeåring TV2 journalist. Send spørsmåla dine til  59446033 på førehand om du ønsker – eller send de frå salen som publikum. Alle spørsmål er anonyme.

Det er begrensa antall plasser, så vær rask ute med å melde deg på – dette blir ein kveld for næringslivet i Bjørnafjorden. Det vil kun være mulig å registrere seg på førehand.

Vi serverer ciabatta eller wraps med kaffi, men ta gjerne middagen på Oseana Kafè og Restaurant.

Tid: 17. Februar 2021, kl 18:00-20:00

Stad: Oseana Kunst & Kultursenter

Pris: Gratis

Påmelding: KLIKK HER!

Vi gleder oss til sjå dykk i salen på Oseana Kunst og Kultursenter 17. februar

Ove Sjøstrøm leier konferansar på norsk og engelsk, og jobbar som instruktør hos SpeakLab.

Sjøstraum har lang journalistisk erfaring. Du såg han sist som utegående reporter for TVNorge under OL i Pyeongchang i Sør-Korea. Han har tidlegare jobba 12 år i TV 2, mellom anna som utanriksjournalist. Sjøstraum har dekt fleire krigar og katastrofar i felt. Du såg han mellom anna på skjermen etter flodbølgekatastrofen i Søraust-Asia i 2004, og i Afghanistan etter angrepet på den norske leiren i Meymaneh i 2006.

Fram til 2016 var han frilansjournalist for Bergens Tidende og Dagens Næringsliv. Sjøstraum har òg jobba for teknologiselskapet Vizrt i Indonesia i to år

Click here to add your own text