16. februar 2022

Vi snakkar med Dales Rederi AS – sterkare enn nokon gang

Dales Rederi i Søre Øyane har i fleire generasjonar eigd M/S Røttingøy, som fiskar sild, makrell og lodde.

Cato Bruarøy

Astrid Dale, dagleg leiar i Dales Rederi, er kjent som ei eldsjel i lokalmiljøet. Ho gav seg nyleg som leiar for Bjørnafjorden Venstre etter 10 år i styret. Astrid er oppteken av mellom anna miljø og oppvekstvilkår for barn og unge, og rederiet bidrar med sponsing til lokale arrangement og tiltak.

Astrid er oppvaksen  i Austevoll. Då var ho ikkje spesielt interessert i fisk. Ho møtte Einar Dale frå Øyane. Dei var kjæraster i fleire månader før han fortalde om familierederiet! No er både barn og barnebarn engasjert i det som på mange måtar er ei hjørnesteinsbedrift i Søre Øyane.

Rederiet er gammalt med lange tradisjonar. Formelt vart rederiet starta i 1957 då Olav Dale kjøpte ein kvalbåt på vel 40 meter som han bygde om. Den var i bruk fram til 1989. Med gammal båt og lave fiskekvotar selde dei då båt og kvote.

– Men fiskeri er no eingong eit yrke som sit fast i sjela på oss, så Einar og Jakob  starta på nytt og  kjøpte båt med kvotar i 1991, og sidan den tid har me  vore i fiskeri. Den båten me har no er nummer fire i rekkja som har navnet Røttingøy.  Den siste var kjøpt frå Irland i 2011. Det var ein trålar som me bygde om til ringnotfiske. I dag er me 14 tilsette i rederiet, fortel Astrid.

1. Kva konkurransefortrinn har de?

– Me har hatt det same mannskapet lenge, i hvertfall dei siste 10-15 åra. Det er lokale, dyktige folk som er med oss og mange av dei bur her i Øyane.  Det er eg stolt av.

Når det gjeld sjølve fisket, så fiskar me pelagisk fisk med not. Det er ein miljøvenleg måte å fiska på. Me kjem veldig bra ut med lavt CO2-avtrykk på fisk som er fiska med not,  og me brukar mindre bunkers enn ved tråling etter fisk.  I desse tider med fokus på miljøet så er eg veldig glad for akkurat dette.

Me har stort kjøleanlegg om bord. Difor har me alltid nedkjølt vatn om bord i tankane som fisken blir frakta i til lands, så denne båten er godt eigna til vårt fiskeri.

2. Korleis er marknaden no?
– Me har hatt gode år med denne båten. Fordi Storbritannia valgte å gå ut av EU v/ Brexit fekk me ikkje tilgang til å fiska i den britiske sona i Nordsjøen. Det vart då sett høgare nasjonale kvoter her i Norge og fisket i 2021 vart svært godt. Med store kvoter å fiska på blir lønna til mannskapet også god.

Prisane er generelt gode på pelagisk fisk (sild og makrell) for tida. Makrellen går til marknader i Asia. Silda går til aust-europeiske marknader og noko til Afrika.

Denne vinteren i 2022, har me fått ein stor loddekvote ved Island å fiska på i den islandske sona. Lodda er svært ettertrakta i Japan.

3. Kva er den største utfordringa?

– Det er å aldri vita kva kvotar me får å fiska på dei neste åra er ei utfordring. ICES er vårt internasjonale organ for fiskerirådgjeving og er styrande på kor mykje me får fiska av dei forskjellige fiskesortane. Så skal det forhandlast om kvotar til alle land i dette systemet. Dette er alltid ei utfordring.

Vær og vind er sjølvsagt også ei utfordring. Skal me leita etter fisk må ver og forhold på havet vera bra for å finna fisken, men det er ei utfordring me har lært oss å leva med.  Med godt leiteutstyr  om bord så  er det  lettare enn før.

Eg synes vel også det er ei utfordring at vi ikkje er grøne nok enno sidan denne type båtar ikkje har batteridrift. Batteridrift utanom kystnære strok må vera i kombinasjon med gass. Gass tar så stor plass at det må byggjast nyare og større båtar for å ha kombinasjonen med batteri og brenselcelleteknologi.

Det å byggja ny fiskebåt og å kjøpa oss opp i kvotar er også blitt veldig dyrt.

4. Korleis er rammebetingelsane? Noko du vil ha endra?

No driv me godt, og prisane er gode. Som fiskarar er me avhengige av kvotar. Det hadde vore fint med større kvotar å fiska på, og også kvotar på andre fiskeslag. Rammebetingelsane handlar også om samkøyring med EU, Island og Færøyane.

Ei utfordring me ser er dei store vindparkane til havs som er under planlegging. Dei kjem i fiskefelta, og er forankra i havbotnen over eit stort område som det ikkje blir lov å fiska på.

5. Kva planer har de for framtida?

Eg ser lyst på framtida! Både son og nevø er om bord i jobb. Vi har alltid lærling om bord og akkurat no er barnebarnet mitt, Juliane, lærling. Det er veldig kjekt med jenter som vel dette spennande og viktige yrket.

Eg har mange ønskje for framtida med drifta vår, og har også mange gode tankar om framtida.

Me satsar på større rederikvoter og meir å fiska på i havet. I framtida blir det nok ein ny båt også!

FAKTA DALES REDERI

    • M/S Røttingøy, pelagisk fiske med ringnot
    • Kontor i Søre Øyane i Os
    • Eigd av Dale-familien
    • Omsette for 50 mill. kroner i 2020, 14 mill. i driftsresultat
    • Astrid Dale er dagleg leiar, Olav Dale er skipper
    • 14 tilsette
    • Medlem av Bjørnafjorden Næringsråd