25. november 2022

Vi snakkar med Sands Advokatfirma

Vi snakkar med SANDS

Det velrenommerte advokatfirmaet SANDS har i fleire tiår vore førstevalet for næringsliv og offentlege etatar i Os og Fusa.

Tekst: Irene R. Mjelde

SANDS er ingen liten aktør i advokatverda. Firmaet er eit landsdekkande forretningsjuridisk advokatkontor, og filialane deira er å finne i fem av dei største byane i Noreg. 25 av deira totalt 140 tilsette advokatar har sitt hovudsete i Bergen sentrum. For Medlemspraten denne gongen har Bjørnafjorden næringsråd snakka med SANDS sin senioradvokat Ellen Gooderham, og partnar og kontorleiar Torkel Tveit.

– Fortel litt om SANDS si tilknyting til Bjørnafjorden kommune!

Tveit tar ordet:

– Våre tradisjonar i Os og Fusa strekker seg mange år bakover i tid. Den lange fartstida i området har gjeve oss det store fortrinnet at vi har god kjennskap til kva som rører seg i næringslivet i kommunen, både i offentleg og privat sektor. Å kjenne nærmiljø og rammevilkår i næringsliv og offentlege instansar er avgjerande for å kunne levere gode advokattenester.

– Kva verdi ser de i å vere medlem av Bjørnafjorden næringsråd?

– I tillegg til å vere næringsrådsmedlem er SANDS òg ein av dei faste samarbeidspartnarane til Bjørnafjorden næringsråd, fortel Gooderham.

– Dette er spanande på fleire måtar. Vi får blant anna moglegheit til å bidra med foredrag på arrangement, og til å delta på aktivitetar. Slik blir vi godt kjent med dei andre medlemsbedriftene i ein region der det skjer mykje interessant i næringslivet.

– Å vere ein medlemsmasse som kan sette fokus har stor verdi. Slikt klarer ein ikkje åleine, påpeiker Tveit.

– Eg veit ikkje korleis det fungerer i dag, men ein massiv instans som Bjørnafjorden næringsråd bør vere ein heilt naturleg høyringsinstans ved store offentlege prosjekt og når ting skjer i kommunen.

Gooderham roser arbeidet til næringsrådet:

– Ikkje minst har næringslivsleiaren Synnøve Mowinckel dei gode ideane, energien og pågangsmotet som skal til for å drive eit næringsråd. Organisasjonen har god driv og er heilt openbart ein viktig bidragsytar for små og store bedrifter i regionen. Er du ein aktør innan næringslivet i Bjørnafjorden er dette ein fantastisk arena, både for nytilflyttarar som ikkje enno kjenner så mange, og for dei meir erfarne.

Arrangementa deira skapar synergiar og godt samarbeid blant deltakarane, erklærer senioradvokaten.

– Dei gode ideane får ein gjerne i møte med andre. Ikkje berre dei som driv med det same, men og dei som driv innan andre retningar.

– Ved å vere medlem og samarbeidspartnar til næringsrådet får vi tatt pulsen på kva som rører seg i nærområdet på ein heilt annan måte enn om vi berre står på utsida og har enkelte advokatoppdrag, understrekar Tveit.

– Kva konkurransefortrinn har SANDS?

– Vårt største konkurransefortrinn er at vi er så store at vi er spesialisert innan ulike fagområde.

Tveit ramsar opp ein liten del av byrået sine faggrupper; eigedom, arbeidsrett, miljørett, havbruk, bygg og anlegg. På nettsida deira tel lista heile 37 ulike fagfelt.

– Det er ein uvurderleg fordel for kundane våre at vi kan tilby advokathjelp utført av spesialistar med erfaring spissa for kvar enkelt sine behov.

– Avdelingskontora arbeider aktivt integrert med kvarandre. Vi har slik tilgang til spesialistretningar frå kontora våre i Oslo, Tromsø, Trondheim, Tønsberg og Ålesund når det er behov for det, supplerer Gooderham.

Ho arbeider med saker innan arbeidsrett. Tveit sine fagområde er arbeidsrett og eigedom.

– Samfunnet blir rettsleggjort i stor grad. Det krevst stadig større spesialisering for å kunne gje kundane dei bidraga dei treng for å kunne drive verksemdene sine, påpeiker kontorleiaren.

– Korleis er marknaden innan dykkar felt? 

– Advokatbransjen står sjeldan stille, reflekterer Tveit.

– Konjunkturar som går ned gjev mange oppdrag innan arbeidsrett, og når det går oppover handlar det til dømes mykje om transaksjonar og selskapsrett. Vi har ein jamn tilgang av saker uansett kvar samfunnet svingar.

– Kva er den største utfordringa dykkar?  

– At arbeidstrykket er så varierande. I periodar må vi handtere at alt skjer samtidig, mens det andre gonger kan vere litt for fredelege arbeidsforhold.

– Det er aldri passeleg arbeidsmengde, avgjer Gooderham.

– Det å få kontinuitet og flyt i drifta gjennom heile året, i staden for at stordelen av arbeidet blir lagt til tida før jul og sommarferie, hadde vore eit etterlengta fenomen.

– Korleis er rammevilkåra i bransjen dykkar? Er det noko de ville ha endra?

– Advokatbransjen har generelt lite å klage over når det gjeld rammevilkår. Vi er meir opptatt av å kjempe for rammevilkåra til bransjane vi arbeider for, som til dømes havbruksnæringa og bygg- og anleggsbransjen, slik at dei får føreseielege rammer å arbeide under, svarar Tveit.

– Kva planer har de for framtida?   

– Det første som skal skje er at vi flyttar inn i nye lokalar. SANDS har hatt stor vekst det siste tiåret. Vi blir stadig fleire tilsette, og den gamle bygarden på Torgalmenningen, der det har vore advokatverksemd heilt sidan 1948, har nok blitt for umoderne.

No i desember flyttar dei difor inn i eit romsleg nybygg i Nygårdsgaten 91, like i nærleiken av Media City Bergen.

– Det er kjekt, men òg vemodig, innrømmer Gooderham.

– Ein æra tar slutt, men det er grenser for kor lenge ein kan pusse opp, og det gjev oss heller ikkje meir plass, påpeiker Tveit.

– Advokatarbeid er for så vidt mindre plasskrevjande i dag enn det var tidlegare, parerer kollegaen hans.

– Mange av våre tilsette har hatt det same kontoret sidan før pc-en tok over for permane. Her er hyllemeter på hyllemeter med papir. Men alt dette er digitalisert, og det einaste vi tar med oss til dei nye lokala er originaldokument vi må ta vare på, og enkelte kuriositetar.

– Nokre fint innbundne gamle lovverk får bli med på flyttelasset. Det gjev juridisk autoritet å kunne vise til at ein har bøker, spøkar Tveit.

Begge humrar.

– Vi har nokre veker med intensiv rydding framfor oss, avgjer Gooderham, før Tveit serverer det kortfatta svaret deira på spørsmålet:

– Dei to viktigaste parameterane for oss i framtida er at vi skal gje våre tilsette trygge jobbar, og at vi skal fortsette veksten vi har hatt ved å tilby dei aller beste advokattenestene.

Fakta om SANDS:                                                                                                    

  • Advokatbyrå som yter bistand innan eit bredt spekter av forretningsjuridiske fagområde, med hovudfokus på klientar innanfor næringsliv og offentleg sektor.
  • Landsdekkande, med kontor i Oslo, Tromsø, Trondheim, Tønsberg, Ålesund og Bergen.
  • Har totalt 140 tilsette. 25 av desse arbeider ved filialen i Bergen sentrum.
  • Årleg omsetnad er på landsbasis 550 millionar.
  • Har 60 partnarar/deleigarar, fordelt på tvers av dei ulike avdelingskontora.
  • Kontoret i Bergen er eit av Vestlandet sine største og eldste advokatkontor. Det blei etablert i 1948, og i 2009 blei det ein del av SANDS-gruppa.
  • Medlem av, og samarbeidspartnar med Bjørnafjorden Næringsråd.
  • Nettside: www.sands.no