KURSET ER DESSVERRE FULLT. TA KONTAKT OM DERE ØNKER Å STÅ PÅ VENTELISTE!
Onsdag 30.09 & torsdag 01.10 2020

Kurs i LEAN Gult Belte

Bjørnafjorden Næringsråd og Bjørnafjorden Kommune ynskjer å stimulera utvikling og auka lønsamheit for næringslivet i kommunen vår. Vi har vore igjennom ein utfordrande tid som har fått fram eit behov for omstilling og vurdering av måten vi driv forretning på – potensialet er stort for mange, men ein treng av og til litt hjelp til å sjå det store bilete.

Vi inviterar derfor til kurs i LEAN Gult Belte, som er det første steget i ein kontinuerleg betringsprosess i din virksomheit. Kurset går over to dagar og vil gi deg kunnskap og verktøy til å bidra direkte på arbeidsplassen din

Lean er ein filosofi og tankemåte som handlar om at leiarar og medarbeidarar i ei verksemd jobbar saman over tid for å auka verdi for kunde – mot ein sømløs prosess utan sløsing av ressursar, tid eller innsats. Med andre ord, levrar meir verdi med mindre innsats.

Det er ein erkjennelse at viss ein skal lykkast med Lean over tid, så må ein eiga og driva prosessane sjølv og Lean må vera den måten ein jobbar og lever i ei verksemd. Det er smart å søka kunnskap og erfaring for å komma i gang og å komma «Frå ord til handling»