29. september inviterar vi, saman med Elin Heesen frå Azets Insight As, til frukostmøte der vi utfordrar deg om du tør å ta praten!
Vi ønsker alle tilbakemeldingar på jobben vi gjer, enten det er ros eller hjelp til å bli betre. For dei fleste er det å gi korrigerande tilbakemeldingar likevel utfordrande. Det er mange leiare som gruer seg til, og kanskje vegrar seg for å gjennomføra den praten.
Det finst mange samtaleverktøy som kan hjelpa deg på veg, samtidig er noko av det viktigaste nemleg det å tora å ta praten!
– Noko av det viktigaste ein leiar utviklar i leiarskapet sitt er evna til å ta opp noko vanskeleg med eit anna menneske (Jan Spurkeland, 2017, lederne.no)
Frykta for å såra eller for sjølv å stå i ubehaget ved ein konflikt kan verka blokkerande på samtalar. Samtalar kan potensielt gi verdifull læring og utvikling, og dessutan bygga relasjonen mellom arbeidsgivar og arbeidstakar endå sterkare enn han var i utgangspunktet.
Rammer, profesjonalitet og tillit i botn er nokon av elementa vi set fokus på i dette seminaret.
- Sted: Innolaben, Gründerparken, Torggata 14
- Dato: onsdag, 29. september
- Tid: 8.30-10.00 (frukost frå 8.00)
- Pris: Gratis
Foredragsholder:
Elin Heesen
Elin er seniorrådgiver i Azets Advisory sitt HR-team i Kristiansand, og beskriver seg selv som en løsningsorientert HR-entusiast, noe kollegene hennes er enige i. Hun var nominert og finalist i Årets Overskudd 2021, som fremhever gode bidragsytere i bransjen.
Hun arbeider tett på sine kunder både med arbeidsrettslige, personalrelaterte eller arbeidsmiljørelaterte problemstillinger.
Hun er en racer på excel, og digger digitalisering.
Den siste tiden har hun arbeidet mye med tariffavtaler og interne prosesser i tariffregulerte bedrifter.