Fredag 11. mars 2022
Er du nysgjerrig på Lyseparken og vegen vidare?
Lurar du på om di bedrift kan etablere seg i Lyseparken?
Lurar du på kva som skjer i Lyseparken no som Corvus har signert ein intensjonsavtale?
Det er mange som har spørsmål om Lyseparken, og mange som er nysgjerrige på kor langt ein er kommen og kva prosessen er framover? Kommunen og Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS (BUS AS) sin grunnhaldning er at ein skal være venleg innstilt og imøtekommande. Serverer tiltakshaver gode søknader i tråd med gjeldende regelverk så er ein oppteken av å finne løysinger.
Vi i Bjørnafjorden Næringsråd, saman med BUS AS, inviterar difor til eit frukostmøte der dagleg leiar i BUS AS, Alf Sognefest og styreleiar, Dag Jarle Aksnes ønskjer å involvera næringslivet i og kring Bjørnafjorden i prosessen rundt Lyseparken – kor er vi og kor skal vi?
Program:
Sted: Vargasalen, Oseana
8.00 – 8.30: frukost med mingling
8.30 – 8.40: dagleg leiar i Bjørnafjorden Næringsråd, Synnøve Mowinckel, ønskjer velkomen
8.40 – 10.00: Bjørnafjorden Utviklingsselskap v/dagleg leier, Alf Sognefest & styreleiar, Dag Jarle Aksnes fortel om Lyseparken, og inviterar til samtale med næringslivet i og kring Bjørnafjorden.
Alf & Dag Jarle vil også vere tilgjengeleg etter møtet for dei som har fleire spørsmål eller har ønsker om å etablere seg i Lyseparken.
Litt om Lyseparken:
- Lyseparken har eiendommer ulik størrelse og med stort utviklingspotensial.
- Lyseparken skal utvikles som et klimavennlig og bærekraftig næringsområde med fokus på bruk av lokale energiressurser og med et framtidsrettet energisystem.
- Totalt ca. 700 da ferdig regulert, med mulighet til vesentlige utvidelser
- Knutepunkt på ny E39 mellom Bergen og Stavanger
- Sentral beliggenhet i hjertet av Bergensregionen. 12 minutt frå Bergen lufthavn og 15 minutt til Bergen sentrum
- En av Noregs mest framtidsrettede energi- og teknologiparker
- Lyseparken er planlagt som eit klimavennlig næringsområde for nærmiljø, fokus på bruk av lokale energiressursar og eit framtidsrettet energisystem.
- De som kjøper arealer vil erfare et konstruktivt samarbeid og en høy servicegrad frå grunneier Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS
- En attraktiv arena for et nyskapende, konkuransedyktig og gevinstrealiserende Norsk næringsliv som er opptatt av det grønne skiftet
- Tomter kan avhendes som råtomter eller ferdig planerte.
- Dersom planen til tiltakshaver ikke passer inn i Lyseparken er målet å styre dem til andre områder og arealer i Bjørnafjorden kommune
- For meir informasjon om Lyseparken, klikk her!
Bjørnafjorden Utviklingsselskap AS:
Dagleg leiar, Alf Sognefest
Alf Sognefest er utdanna ingeniør. Frå tidleg 2000-tal har han vore tilknytt Luftfartsverket/ Avinor som mellom anna marknadssjef, eigedomssjef og terminalsjef. Sognefest er dagleg leiar i fleire eigedomsselskap i Avinor-systemet, og var utbyggingssjef og prosjektdirektør ved utbygging av ny flyterminal ved Bergen Lufthavn.
Styreleiar, Dag Jarle Aksnes
Dag Jarle Aksnes har mellom anna bakgrunn som regiondirektør i Vesta Gruppen, adm. dir. i Ford Kværneland, direktør og flyplassjef i Avinor og regiondirektør i OBOS Eiendom. Aksnes leidde utbygginga av Bergen Lufthavn Flesland, og har brei styreerfaring frå næringsliv og frivillig sektor.