Onsdag 04. april
Velkommen på Laus Onsdag!
Møt ny næringssjef og ein verdensmester på samme kveld!
Den nye næringssjefen Elin Bryn Thorsen startar i jobben 1. april, og gler seg til å møte næringslivet. Kva tenker ho om jobben? Har ho fått tid til å bli litt kjent med lokalmiljøet? Kia planar og idear har ho for framtida?
Vår eigen Sverre Lunde Pedersen er heime på ein kort ferie, og har tatt seg tid til å besøke oss på Laus onsdag denne gangen! Korleis tenker ein toppidrettsutøver? Korleis takler han opp- og nedturer? Korleis er egentlig livet i verdstoppen?
Desse og mange andre spørsmål får du svar på onsdag 03. april!
- Sted: Bar(t), Peppes på kaien
- Tid: 03. april, kl 19.00
- Pris: Gratis – Peppes har kjøkken og bar åpen 🙂
Elin Bryn Thorsen
Elin Bryn Thorsen tar til i stillinga som næringssjef 01. april i år. Bjørnafjordsregionen er i rivande utvikling, og ho får såleis mykje å ta tak i frå første dag på jobben.
Bryn Thorsen har ein mastergrad i entreprenørskap og innovasjon fra NTNU, og kjem frå stillinga som fagansvarleg for høgare utdanning i Ungt Entreprenørskap Telemark.
Sverre Lunde Pedersen
Vår eigen Sverre Lunde Pedersen treng nesten ikkje nokon presentasjon. Han har stått på skøyter sidan han var ein neve stor, og utmerka seg tidlig med eit heilt spesielt talent.
Han har kjempa seg mot toppen, har vore innom både opp- og nedturer, og konkurrerer no blant dei aller beste i verda.