Onsdag 05.12.

Laus onsdag!

Panel med tøffe, lokale grundere!

Møt Marielle Aanes som nettopp har starta butikk i Os sentrum og Jeanette Borgen Kallekleiv som har drive i sentrum i to år før ho flytta til AMFI Os. Kva driv dei? Kva gjer at dei satsar og held frem?
Vi møter også Jan Erik Røstbø og Ingvald Grindheim som mellom anna står bak den suksessrike FONN ByggemAppen. Konseptet deira har stor suksess, og dei satsar no vidare, mellom anna på spennande IT-prosjekt. Saman med Kenneth Joseph frå Fesenso, som samarbeider med eit selskap i SAMSUNG-konsernet, skal dei snakke om mulighetene for å skape globale high-tech-suksessar i Bjørnafjorden.

Vi deler ut midler frå Fjordfondet til gode lokale initiativ frå Os. Søknadsmengden har vore stor, og det er kjekt å sjå at det veks og gror i mange ulike bransjar – både tradisjonelle og nye. Kven får midlar frå Fjordfondet? Møt opp og sjå!

Underhaldning – Gründerparkens eige band «Hot Air Ballon» stiller opp.

Som sist kjem Bjørnafjorden Bryggeri, denne gangen har dei også med sine julespesialitetar.

Henrik lagar juletapas – sponsa av Sparebanken Vest!

Vel møtt i Bjørnafjorden Gründerpark, onsdag 05.12.2018 kl 19.00!

Arrangementet er gratis, men meld deg på!